Bransje: Prosessutstyr til ørret- og lakseslakterier

Telefon: 91333880

oddvar@knuro.no

www.knuro.no

Knuro

I 2004 utvikla og patenterte Knuro ein heilautomatisk etterrensar for laks og ørret, som fjernar blodrand og slorestar etter at fisken er sløyd. Maskinen vart umiddelbart ein stor suksess, og me har i dag levert over 150 stk. i to ulike versjonar. Dei fleste er levert kundar i Noreg, men me har også maskinar i Australia, Canada, Irland og Storbritannia.

Me har etter kvart utvikla fleire ulike produkt, som styre- og overvakingssystem (MES), fisketeljar og to automatiske vaskesystem, eit for maskinar og eit for rør og ventilar.

Selskapet har gjort eit strategisk val om i hovudsak å basere leveransane på underleverandørar. Verksemda sysselset difor langt fleire i Skandinavia enn dei tre av oss som eig og driv Knuro.

Me står sjølv for all montering, testing, oppfølging og sørvis, slik at kunden kan vera trygg på at installasjonen fungerer som den skal.

Knuro ynskjer å vera ein stabil samarbeidspartner som er til å stola på, ha tett oppfølging av kundane våre og yte rask og god support.