Ecit Stord

Bransje: Regnskapskontor

Telefon: 54456300

post@aktiva.no

www.ecit.no

Ecit

Ecit er eit leiande selskap i regionen innan rekneskap- og økonomitenester. Vi er 13 tilsette som jobbar etter gode arbeidsrutinar innanfor våre fagfelt. Saman har vi skapt eit godt fagleg miljø i våre moderande lokale i Kunnskapshuset i Sæ nær Leirvik på Stord. 7 av våre 13 tilsette er autoriserte rekneskapsførarar og medlem av Regnskap Norge.

Selskapet har historie tilbake til 1978, og vi har såleis over lang tid opparbeidd oss ein solid fagleg kompetanse, kombinert med god lokalkunnskap om næringslivet i regionen.

Vår målsetjing er å tilby våre kundar den hjelp dei treng innanfor økonomiske og administrative rutinar, vera til stades for kunden og vera ein pro aktiv, løysingsorientert og framtidsretta samarbeidspartnar. Aktiva Økonomiservice AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap tilknytt Regnskap Norge.

Vi har i dag oppdragsavtalar med nærare 300 verksemder innanfor dei fleste bransjar og storleikar. Dei fleste er lokalisert i Sunnhordlands-regionen, men vi har kundar frå Bergen i nord til Haugesund i sør. Vi tar i mot nye oppdrag. Ingen oppdrag er for store og ingen er for små.

Vi utfører våre oppdrag i nært samarbeid med våre kundar, der kunden ofte utfører deler av arbeidet sjølv. Dette kan ha både praktiske og økonomiske årsaker. Vi har gode rutinar og godt verktøy for å handtera slik arbeidsdeling.